Ein bokhaust er over
Det er vinter i lufta, vinter i lyset. Vinter i varmen inne og kulden ute. Hausten er over, og året er i ferd med å ski inn i sitt siste, mørke kapittel. For oss som har gitt ut bok, betyr det mellom anna at sceneteppet snart skal dras for, og at boka endelig skal få lov til å stå i fred i hylla. Begynne å samle støv, slik den var meint til å gjøre, heile tida. Det har vore ein spennande haust, med opplesing både i Trondheim, Bergen og Oslo. No gjenstår det bare ein post på programmet, men til gjengjeld ser det ut til å bli ein fin finale. Debutantdagene på Litteraturhuset ber med rette prefikset «De store», for ikkje mindre enn 36 forfattarar skal presenterast, og presentere seg sjølv, i løpet av dei to dagane i desember. Eg gleder meg til å høre korleis Erlend Loe kjem til å introdusere meg — det er ingen hemmeligheit at han sjølv var ein viktig forfattar for meg da eg gikk på vidaregåande og trong eit forbilde med eit skruppellaust forhold til grammatikk og setningsbygging. Eg skreiv til og med særemne om Loe den gongen, og den 4. desember, for dei tre minutta det kjem til å ta å bli introdusert, kan det hende at eg kjenner det som om rollene er bytta om. Og da gjør det ikkje så mykje at bokhausten er over. Året 2008 vil bli ein slutta sirkel, det óg, og eg kan sette meg på toget heim utan noen andre planar enn å ete så mykje og usunt som mulig dei siste par dagane før 2009 plutselig skal vere der, som eit uendelig stort og kvitt laken.(26. november 2008)
Nytt frå Google-avdelinga

Ein armé av topptrena sjimpansar, som eg har tilsett for å overvake Internett døgnet rundt, kan no rapportere om fleire treff på namnet mitt ute i den såkalla bloggverda. Eg les med stor interesse (får eg vel innrømme), og ettersom det aller meste er svært hyggeleg lesing, ser det ut til å gå mot ein aldri så liten bananfest i kveld. Her er rapporten:
+ Denne anbefalingen er en mixteip av minner (Strekhjerte)
+ Rune F. Hjemås - Eg er ikkje redd, eg er ikkje redd (Tanker fra en supertenker)
+ Nye debutanter, gamle favoritter (Rullerusks rablerier)
+ Trikketankar (Rullerusks rablerier)
+ Kassetter med kassetthjul (amazed)
Seriøst altså, folkens. Eg er utruleg smigra. Tusen tusen takk!
(27. oktober 2008)
Tre bevis på det motsette

Jan Roar Leikvoll til venstre, Erlend O. Nødtvedt til høgre, meg midt i mellom.
Foto: Studvest.
(15. oktober 2008)
Knipp, knapp, knute

Rykande ferske buttons har endeleg komme frå trykkeriet i Tyskland! Eg og samlagskollega M. Karlsvik (som kjem med romanen Pol seinare i haust) har designa fem ulike buttons kvar, og er utruleg nøgde med resultatet! I dag har vi pakka dei i små smågodtposar som vi kjem til å vandre rundt og gi til alle butikkar som har vore snille i år, slik at alle menneske som óg er snille kan komme innom og få. Ja, dei er gratis! Som luft og kjærleik! Hald auga opne, hald jakkeslaget klart. På måndag drar vi til Bergen.
(11. oktober 2008)
Reprise
11. september har vore mykje dei siste åra. Det har sjølvsagt vore nyheitsreportasjar i dag — sju år etter — etterlatne, minnesmonument, reprisar av to skyskraparar som for alltid vil fortsette å kollapse og kollapse i den vestlege kvite manns minne. 11. september som éin gong var alt dette i real time, og som no sju gonger har vore det i reprise. Og kanskje er det etter kvart det eg har begynt å assosiere datoen mest med: Den påminninga den alltid bærer med seg, om at - oi, no er det jammen enda eit år lenger sidan. Sju år, kis. Det er faenmeg lenge.For mens tvillingtårna kollapsa og kollapsa på alle tv-skjermar over heile verda, så var det, og er det, 2001 i lufta og utanfor vindauga og i trea og i jamringa frå kattane i bakgarden. Og 2001 var óg eit viktig år blant alle åra mine, det var det året eg slutta på videregåande og begynte på universitetet og var ung og hadde heile livet framfor meg, og kvar 11. september kjem det susande og treffer meg som eit kapra fly i hofta; kor absurd lenge sidan det begynner å bli.
Og eg kollapsar.
Og kollapsar.
Og kollapsar igjen.
På trikken på veg til jobb i dag tidleg kjørte eg forbi eit par Kaffebrenneriet som hadde duka opp til uteservering i eit forsøk på å etablere dagen i dag som Den Store Kaffidagen. Hm, eg lurer på om dei lykkast? Uansett skal vi vere glade for at 11. september kanskje begynner å vise teikn til å kunne bli noe meir, etter kvart, enn bare ein haug med reprisar. Eg tenker på dette: Halv to i dag ringte David frå Samlaget og fortalte at førsteeksemplaret av boka mi hadde komme frå trykken. Så her er den, plutseleg, den boka med mitt namn på framsida som eg har drømt om i så mange år. Den er utruleg fin. Og eg bare seier det — neste 11. september, i tillegg til ein ny runde med røyk og flammer og betong, da vil det vere ei bok å ta fram frå hylla. Bla litt i og tenke; faen, er det verkeleg eit år sidan allereie.
(11. september 2008)
Nytt frå Photoshop-avdelinga

(5. september 2008)
Whizzes like skis downhill
A.The water running down my cheeks, pasting the hair to my head, whizzes like skis downhill, I think, trying to make time last longer, staying inside the narrow shower, for long, until something sounding like the phone makes me turn the water off. I stay still listening for the signal, dripping, but it doesn’t come back. Instead I hear someone singing, a light voice without vibrato, the sound must come from the crack in the wall where the water pipe disappears, from the bathroom of the flat just above me. And without noticing I start humming along, it’s a song I know well, Stina Nordenstam, one of these cds my girlfriend always puts on, the words come to me and I sing loudly until I abruptly stop, afraid that someone might have heard me. Silence. A couple of seconds of complete silence until I hear the voice again. She continues from where I stopped, sings a couple of lines more. I pick up, like a baton, the next couple of lines, and like this we finish the song, exchanged between the floors, like a duet, a kind of dialogue. Afterwards it’s silent again. The pipes whizz, she must have turned on the water of her sink or shower. I think the perfect thing now, would be if the sound reminded me of applause, a noisy audience cheering with excitement. But it’s not like that. It reminds me of the sound from a radio out of freqency, and I understand that perfect might be much further away than I thought at first.
B.
It’s summertime and no reason to expect much from what runs on TV. Still it’s good being able to fall into a chair and open a can of beer after a long day outside, to feel how the toil of everyday life lets go, oozing like some kind of invisible vapour out through the skin. I flip through the channels for a while, until I end up on tv2, just in time to see Jesus, the holy son, swagger out on the floor of the show Strictly come dancing. Well, this should be good enough, I think, staying there watching as a professional, female dancer grabs Jesus and drags him into something that quickly turns out to be a rather dull bossanova. I realize that it’s not exactly the strongest participant I’ve bumpted into, there’s something stiff about the way he moves, something insecure, like he’s not really able to let go. I like it better when they have actors or sports stars, I think, and soon I find myself pondering on who the next participant might be. Handball girls, that’s the thing! After a while a phone number shows up on the screen, and when the dance is over, the camera catches a close-up of Jesus’ and the female dancer’s faces. They’re smiling, trying to hide how tired they are after their bossanova effort, but one doesn’t need to be a rocket scientist to see through that. Jesus stares into the camera, bathed in perspiration, and from the movement of his lips I understand what he’s trying to say: Vote for me, please, me me me! But you can forget about my vote, I think, and that’s how life is. You can’t make everyone happy.
(Omsett av MARTE SYVERTSEN)
(4. september 2008)
Sleeping in my car

Og korleis var det den gikk, «Sleeping in my car - I will undress you / Sleeping in my car - I will caress you / Staying in the back seat of my car making up», herregud. Uansett: Haustkatalogen til Samlaget ligg ute på nett no!
(20. august 2008)
I går, og i dag

Haustslepp i går, og i dag presenterar Jung Forlag fire tekstar frå den kommande bokutgivinga mi. Gå hit for å lese dei, og få to eksklusive b-sider med på kjøpet!
(15. august 2008)
.indd 1

(23. juli 2008)
Eit uredd band

«This avalanche, I’m not afraid.» - Imitation of Life.
«I’m not scared. I’m outta here.» - Electrolite.
«Walk unafraid, I’ll be clumsy instead.» - Walk Unafraid.
«I am not afraid, I am not afraid.» - The Outsiders
(17. juli 2008)
G&B 1
Kristiansund lufthavn, Kvernberget. Regndråpane slår mot vindauget idet helikopteret løfter seg frå bakken og den vesle ringen av raude lyspærer forsvinn under oss. Eg er åtte, og held far i handa mens byen blir til hav og lastebåtar langt der nede, konturane av ein oljeplattform kjem til syne framfor oss i horisonten, og min einaste tanke er at eg skulle ønskje Jørn og Andreas kunne sjå meg no. Eg får låne ein kjeledress som er alt for stor, og eg må ha på meg hjelm. Far leier meg rundt og er minst like opptatt av å vise meg fram til kollegaene sine som å vise plattformen til meg, han seier ting som: Dette er gutungen, ja, og: Jo da, til hausten begynner han i tredje klasse. Eg ser ut på ein stor måke som sitt på gelenderet like utanfor vindauget, og eg begrip ikkje korleis han greier å halde balansen i den kraftige vinden.(15. juli 2008)
Oktoberutstillinga, pt. 12

Du viser meg eit postkort med Degouve de Nuncques’ «Engler i natten». Eg elska det bildet da eg var lita, seier du. Det er fint, seier eg. Du kan få det, seier du. Eg kan ikkje ta det, seier eg. Du legg det forsiktig på nattbordet. Kva synest du om familien min? seier du. Eg liker dei, seier eg. Har vi det godt saman? seier du. Sjølvsagt, seier eg.
(10. juli 2008)
Leveringstid: Ventes utgitt
In other news, eller kanskje bare det samme; Samlaget har nå gitt meg en egen forfatterside (!!), og ARK.no kan opplyse om at boka mi kommer til å koste 249,- (start saving today), at den sorterer under lyrikk, og at (dette er Norli) den ventes utgitt. Vel, det er jo bra, er det ikke? Sistnevnte nettside gir deg dessuten anledning til allerede nå å gi din vurdering av boka, alt fra «likte ikke boka» (én stjerne) til «fantastisk bok, anbefales alle» (fem stjerner, ett utropstegn). Jeg, for min del, skal hjem og lese korrektur, det blir på en måte litt det samme, litt stjerner og utropstegn og alt dette andre rare som jeg må lære meg, og Gud hjelpe meg om jeg plutselig blir sittende og tenke: Denne boka ga meg ikke så mye, egentlig (to stjerner).(8. juli 2008)
Dustete debutant
10. september er datoen nå, og et isbn-nummer eksisterer. Torsdag skal jeg på møte med marknadsavdelingen og legge planer, Gud alene vet hva som vil komme ut av det, sannsynligvis kommer jeg bare til å sitte der og boble og være en dustete debutant som synes absolutt alt ved denne prosessen er spennende.Jeg har vært flink til å drømme. Lenge. Det nye nå er at jeg skal våkne, og at drømmen fremdeles skal være der.
Det er sommer, jeg tenker på hvor mye regn som finnes i Disintegration, og at dette er akkurat samme type regn som det Oslo fikk over seg i går. Et regn som får deg til å lengte. Et regn som setter i gang ting, som føles som om det kommer fra et helt annet sted. Og den følelsen som alltid kommer med slike naturopplevelser, av at ingenting kommer til å vare, av at alt kan være borte før du rekker å blunke, men at alt likevel kommer tilbake. I nye varianter. Nye regn. Nye trær og ny luft.
Om ti dager drar jeg til Paris for å jobbe med Indianarar. Blant annet. Jeg kunne skrevet dette på mange andre måter, men uansett formulering vet jeg at det er slik det kommer til å bli. Den type aktivitet som ligger i akkurat denne varianten av “jobbe” inkluderer altmulig, fra å sitte på flytoget og lengte ut gjennom vinduet til å sykle gjennom Parc de Vincennes til å lukte på bøker hos Shakespeare & Co til å notere noe teit på en serviett med au lait-flekker på. Jeg er ubegripelig priviligert som får lov til å snakke slik som dette, og det minste jeg kan gjøre er å love meg selv å ta vare på denne muligheten.
(24. juni 2008)
Joan Baez
Innbilt nostalgi, omtrent som eit innbilt svangerskap; eg går rundt og ber på noe som ikkje finst.(28. mai 2008)
Some dude
(23. mai 2008)
Kortprosa
«Prosaen kan gjerne vere kort, men ein må skrive dei forbanna linjene heilt ut, om ein så skal fornekte både far og mor og bryte med alle kjærastar for å få det til.»(Ragnar Hovland, Sjølvmord i Skilpaddekaféen)
(22. mai 2008)
Slått opp
VI HAR SLÅTT OPP telt i hagen, ligg ved sida av kvarandre og hører Sun King med The Beatles, ein mikskassett eg har laga, du seier at du skulle ønskje vi kunne reise langt vekk. Niagara, seier du, har du sett Niagara, det er jo bare vatn, seier eg. Og himmelen over Hawaii, seier eg før deg, er ikkje den akkurat den same som himmelen her? Kan du ikkje få deg ein jobb? seier du, kva er det du vil bort frå? seier eg, slik held vi på og latar som om det er ei samtale, det er meir eit skodespel der vi byter på rollene: I kveld er du den eventyrlystne, eg den rasjonelle som forsøker å halde igjen, som forsøker å forklare at ein kan ha det like fint der ein er; kanskje ligg vi bare og oppdrar kvarandre, som om det alt fanst eit lite barn rundt oss vi måtte ta omsyn til, som bare satt heilt stille utanfor teltduken og lytta.(18. mai 2008)
