Eg drar ein krakk bort til kommoden og begynner å rote i den øvarste skuffa, der finn eg ein svart kassett med rester av gammal scotchteip over beskyttelseshola som eg legg i spelaren. Pressar play. Og eg veit ikkje kvifor eg sitt her nede og lengtar tilbake til noe eg aldri har opplevd, kva det er som drar meg ned hit når eg eigentleg heller vil sitte oppe, spele TP og vere ungvaksen saman med dei andre. Men kassetthjula snurrar, slik dei snurra ein gong for lenge sidan, før mor blei dårleg og inneslutta, før alt dette, da eg bare var ein fjern tanke som ingen av dei torde å seie høgt.Gjennom korte, presise tekstar fortel Rune F. Hjemås om menneske som ikkje vil vere redde, som prøver å finne seg til rette, men som av og til kjem borti feil knapp når dei vil spole tilbake til tida da verda kunne betraktast på trygg avstand «gjennom ei beskyttande flate av glas». Tekstane spenner frå realistiske kvardagssituasjonar til absurde fabuleringar, frå notid til fortid og tilbake til notid igjen. Fast forward, rewind, record. Kassetthjula som snurrar, heile tida.
Denne boka er ein miksteip.
